Haugland gardsbarnehage på Jæren

Barnehagen er ein privat barnehage eigd av Kathrine Haugland. Barnehagen starta opp i 2000 på Haugland gard, då som familiebarnehage med 2 grupper. I 2004 vart barnehagen ein ordinær barnehage som flytta til midlertidige lokale med auka barnetal. I 2008 stod eit barnehagebygg klar, og barnehagen har sidan den gong vore på om lag 45 barn og ca. 10 årsverk. Barnehagen sin visjon er: Små steg - store spor.

 

Barnehagen brukar garden og miljøet rundt barnehagen som det overordna satsingsfeltet i alle aktivitetar me gjer. Garden er ein ressurs og ein læringsarena. Dagleglivet på garden, inkludert dei som bur på garden, vert ein del av barnehagekvardagen. Me følgjer garden sitt årshjul med hausting, såing, siloslått, kalving, lemming etc.

     

Me er også eit av deltakarlanda i Erasmus+-prosjektet Eco Farm Kindergartens. Dei som deltek er Tyrkia, Portugal, Litauen, Romania, Italia, Estland og Norge. Gjennom prosjektet får barnehagen ta del i andre barn i Europa sin kvardag ved at me ser bilete, me får besøk og me deler erfaringsutvekslingar med kvarandre, me lærer engelsk og enkelte andre ord. Alle 7 land gjer dei same aktivitetane og alt er knytt opp til berekraftig utvikling.

 

Haugland gardsbarnehage og Regionalt matmanifest for Rogaland: Matmanifestet ynskjer å fremma sunt kosthald basert på lokale råvarer, bidra til god matkultur og måltidsglede. I tillegg skal det skapas forståing for kor maten kjem frå og korleis den vert produsert. Vind, jord, hav og landskap skal verdsetjast høgt. Det er vår kulturarv me skal ivareta. Barnehagen ynskjer å etterkoma verdiane til Matmanifestet gjennom å vera tydelege i bevisste val når det gjeld mat, matproduksjon og berekraftig utvikling.

 

Barnehagen sin visjon er: Små steg - store spor. Me dette menar me at summen av alt me gjer med barna set store spor hjå barnet og den vaksne, at me arbeider med små steg for å nå eit større mål og at dei små kvardagstinga utgjer store spor.

Ta gjerne kontakt med oss, eller sjekk ut heimesida vår: www.minbarnehage.no/haugland